Røldalstunnelen og fjellovergangen

Planområdet dekkar strekninga Vågsli i Vinje kommune (Vestfold og Telemark fylke) til Seljestad i Ullensvang kommune (Vestland fylke). Reguleringsplanar for strekninga E134 Vågsli – Seljestad (Vestfold og Telemark/Vestland fylker) vart i godkjende i 2019.

Strekninga mellom Vågsli – Seljestad på E134 har i dag lange og bratte stigningar med smale og svingete partia som gjer det utfordrande å ta seg fram. I tillegg fører krevjande vêrforhold ofte til stenging eller kolonnekøyring. Det har vore ein auke i stenging og kolonnekøyring dei siste åra. Det skaper store utfordringar for framkomst, trafikktryggleik og samfunnstryggleik.

Ny E134 mellom Vågsli og Seljestad vil gje vesentleg reduksjon av stenging og kolonnekøyring på strekninga. Det vil også korte ned køyrelengda med ca. 11 kilometer og redusere høgdemeter med rundt 1000 meter. For tunge køyretøy vil køyretida bli redusert med om lag ein halv time. Ny veg vil auke trafikktryggleiken, betre framkomst ved dårlege vêrforhold og flytte trafikk ut frå tettstaden Røldal.

 

Første byggetrinn av fjellovergangen

Første byggjetrinn er strekninga frå Røldal til Seljestad. Strekninga er prioritert i første periode i NTP 2022-2033. Kontrakt kan tidlegast lysast ut i 2022 med byggjestart i 2023.

Dette byggjetrinnet vil gi størst innsparing i lengde, høgdemeter, køyretid, drivstoffkostnad og klimautslepp. I tillegg vil denne strekninga gje mest betring i høve til fastkøyring og bilberging på vinterstid, mest betring av stigningstilhøva og mest betring av trafikktilhøve for mjuke trafikantar.

E134 over Haukelifjellet er ein av stamvegane mellom aust- og vestlandet. Utbygging av E134 er del av ein langsiktig utviklingsstrategi for å styrke E134 som ein av hovudvegane mellom aust og vest. Vegen er ein viktig ferdslesåre, særleg for næringslivet sør for Hardangerfjorden, med kring 20 prosent tungtrafikk. Årsdøgntrafikken er i dag om lag 2 200 køyretøy. På sikt vil den auke med utvikling av E134 som hovudvegforbindelse for aust-vest.