Av Alv Straumstøyl.
Året er 1968. Gjennom mørke tunnelopningar
flyt ein todelt, durande straum av
bilar, hastande mot aust eller vest. Det går
strykande etter den breie, asfaltlagde vegen,
som likt eit mørkt band svingar seg
oppetter bratte stigningar, smøyer seg rundt
åsar, nabbar og kollar og retter seg ut etter
lange, lett duvande flotter og leite. På godt
sommarføre treng du ikkje eingong ein
time frå Røldal til Haukeligrend. Det treng
du heller ikkje på godt vinterføre.
For året 1968 var det tidsskiftet då årstidene
ikkje lenger stengde for sambandet
aust-vest over Haukelifjell. Lange tunnelar
gjennom verutsette strók sikra overfarten.
Den gamle ferdslevegen, postvegen og
riksvegen - Haukelivegen - hadde endeleg
vorte heilårsveg og internasjonalisert
som europaveg.
Men kva hadde gått føre seg på denne leia
føreåt, ja, det er ei lang soge, fleire hundre
år lang - - -.
Ved joletider 1155 er eit fylgje på veg vestetter
(nord um fjall) over Haukelifjellet.
Det er lendmannen Gregorius Dagsson
som skal til Etne for å søkje vern hjå Erling
Skakke. Rundt 40 år seinare møter me
den unge jarlesonen Sigurd Erlingsson
(Skakke) på røming austover etter same
ruta. I dørkarmen på den gamle Vinje Stavkyrkje
har han rita inn ein runebodskap
som fortel at kong Sverre er etter han.
Desse to namngjevne, historiske personane
får vera representantar for alle dei
vegfarande som til fots, eller til hest, har
kryssa fjellet mellom Telemark og Røldal,
for så lang tid attende at me ikkje har
skrivne kjelder om det. Men i ættesoger
og stevdikt glimtar det til med minne frå
farne tider.
Det er drygt over Haukelifjellet, i gamal
tid rekna til ein lang dagsmars frå Haukeligrend
til Røldal. Det hende at ferdafolk
måtte finne seg høvelege stader til overnatting.
I fyrstninga måtte dei greie seg
med hellerar og oppmura steinbuer, men Pilgrimar, ja. Dei var ikkje ein uvesentleg
del av ferdafolket over fjellet. Røldal kyrkje
er truleg bygd i 1370-åra.
Litt seinare gav nokon eit krusifiks til
kyrkja. Det hadde den eigenskapen at det
sveitta kvar jonsoknatt og sveittedropane
hadde ein lækjande verknad.
Kvar jonsoknatt i katolsk tid, ja seinare óg,
vart det halde messe i kyrkja, og pilgrimane
kom i flokkvis til staden frå ulike kantar.
Og det fortelst at mange var dei sjuke
og uføre som etter å smurt seg med dropane
frå krusifikset, fekk vende lækte heim att.
Pilgrimsferdene heldt fram lenge etter reformasjonen,
men etter 1835 er det heilt
slutt. Etter som ferdsla auka og hestekøyredoningane
jamtover vart betre, bygde dei
ut gamle ferdavegar til køyrebruk. Slik óg
med Haukelivegen. Ja, ynsket om ein
køyreveg over Haukelifjell hadde alt kome
så tidleg som i 1704 då hoffassessor J.E.
Ernst sende søknad til Kongen om eit slikt
tiltak for å fremje posttransporten mellom
aust- og vestland.
Det gjekk likevel 150 år før dei kom igang
med dette arbeidet. Mot midten av 1800-
talet hadde dei gjort ferdig veglina Brunkeberg-
Gugarden i Haukeli (1837-1843).
I 1866 starta vegarbeidet frå Gugarden og
vestover. I 1876 var vegen ferdig innan
Bratsberg amt (Telemark), dvs. til Ulevåbotn.
Derifrå heldt veglina fram gjennom
Dyreskard (høgste punktet på vegen 1148
m.o.h.), vidare ned til Røldal og Håra, så
over Seljestadfjellet til Odda. I 1889 var
vegen over Haukelifjell ferdig. Vegbreidda
var jamtover 2,5 meter.
Dyrskard, eldste tunellen i landet
Det visa seg fort at vegen frå aust opp mot
Dyrskard hadde problem med snø og snøras
og alt i1891 vart det bevilga kr. 14 700.-
til ein kort tunnel. Dette arbeidet starta opp
med ein gong og tunellen var ferdig i 1900.
Denne tunellen og ein på vegen i Brattlandsdalen
var dei fyrste i landet, men no
er tunellen i Dyreskard den eldste for
tunellen i Bratlandsdalen vart øydelagt i
samband med vegutbetring. Problema var ikkje ferdig med dette. Etter
at vegen vart lagd i tunell, fekk ein problem
med at store steinblokkar rasa ut i
vegen på nedsida der tunellen kjem ut i
dagen. Alle var einige om at her kunne
ikkje vegen ligge, og ny veg vart vedteken
bygd på andre sida av dalen. Stortinget
løyvde pengane og i 1919 stod den 2100
m lange vegstubben ferdig, som det hadde
teke 5 år å bygge. Det vart ein brattare veg
men no var ein sikrare for ras.
Dei fleste av dei som fer over Haukelifjell
idag tenker ikkje mykje på den historiske
utviklinga av vegen over Haukelifjell. For
dei som interesserar seg for slikt er Dyreskard
verd ein stopp. Om du kjem frå aust
eller vest, ikkje køyr inn i Haukelitunellen,
men køyr gamlevegen fram mot toppen av
Dyrskard. Gjeng du gamlevegen austetter
forbi den freda gamle vegbrakka, kjem du
til den gamle tunellen og då ser du under
deg dei to nyare vegane vegane, både E134
som ligg i betongtunnel og vegen som vart
ombygd i 1919.
Det er sjølvsagt ei ulempe at vegen var
stengd om vinteren. Vertilhøva i høgfjellet
gjorde det umogleg å halde vegen open,
ja, somme år kunne han berre nyttast i vel
4 månader. Store snømengder og skavlar,
særleg i Dyreskard førte til eit umenneskeleg
slit for vegarbeiderane som somme år,
så seint som i juli-leite, måtte grave
tunnelar for å sleppe fram trafikken. Ein
heilårsveg ville føre med seg ei rekkje
fordelar for det sørnorske samfunnet, ikkje
minst på det næringspolitiske og samfunnsøkonomiske
området.
Den omfattande utbygginga av Tokkevassdraget
i desse åra gjorde ein heilårsveg
endå meir nødvendig, og hausten 1959
starta arbeidet, fyrst i Telemark fylke.
Planen var å byggje vegen ferdig i 3
etappar, byggjesteg, på til saman 9 år:
1. byggjesteg - alle tunnelanlegga med
vegar (5år);
2. byggjesteg - ventilasjons- og ljosanlegga
i tunnelane (2år), og
3. byggjesteg - utbetring og omlegging av
den vegen som heile tida har vore open om
vinteren (2år). For å finansiere dette prosjektet
måtte ein satse på løyvingar over
statsbudsjettet og innkrevjing av bompengar. Prosjektet Heilårsveg over Haukeli strekte
seg frå Grungebru i Telemark til Seljestad
i Hordaland, ein strekning på omlag 91 km.
For å greie snømengdene har dei tildels lagt
vegen høgt i terrenget slik at snøen blæs
av, og dels i tunnel. Til saman er det rundt
14 200 meter tunnelar. Det høgste punktet
ligg på 1086 meter, på Haukelifjell, og
utanom tunnelane ligg heile 15 km av vegen
i ei høgd på meir enn 1000 meter over
havet.
Heilårsvegen over Haukeli vart offisielt
opna av statsråd Håkon Kyllingmark den
7. september 1968. Resultatet etter 9 års
arbeid vart ein veg med høg standard.
I 1968 fekk Riksveg 10 mellom Drammen
og Haugesund gjennom Kongsberg,
Notodden, Haukeli og Skarsmo status som
europaveg, E-76 og seinare E-134. I samband
med dette opprykket i status er heile
den nemde vegstrekninga vorte lansert
under namnet Haukelivegen. Eit slikt
eintydig omgrep har ut frå propagandaomsyn
ein god del å seia for reiselivsarbeidet,
for marknadsføringa av det området
vegstrekninga dekkjer i turistsamanheng.
Og at vegen vert mykje nytta, ja,
det syner trafikkutviklinga som visar ein
auke frå 138016 bilar i 1969 til 280596 i
1987 og vidare 368610 i 1992 og i 2000
hadde det auka til 406202 bilar over Haukelifjell.
Og det er ingen grunn til å tru at
ikkje auken held fram i tida som kjem: Stadig
fleire får augo opp for den rike variasjonen
i naturopplevingar frå fjord til fjell,
gjennom alle årstidene.
Etter å ha fått eit historisk tilbakeblikk om
Haukelivegen, startar me vår tids ferd mot
vest i Drammen. Me tek for oss kommunane
etter som dei ligg geografisk langs E-134
til Haugesund og prøvar å gje deg litt informasjon
på vegen. For dei som har trong
for meir informasjon vil turistinformasjonane
kunne hjelpe. |