Lenker:

Sør-Noreg rundt over Haukeli er ein av dei finaste ferieturane du kan ta, fordi Sør- Noreg er ein landsdel der du finn blankskura svaberg og lune sandstrender langs kysten, blømande jordbruksdistrikt og svale skogar innover i landet, vill og storslagen natur over mot vestlandet til Hardanger- og Boknafjorden, og snø på dei høgaste fjelltoppane mot nord. Svært vakkert alt saman. I tillegg vil du finne levande byar og bygder med eit mangfald av kultur- , og aktivitetstilbod spesielt laga for deg.

Det er det same om du kjem med ferje til aust-, sør. eller vestlandet, Haukelivegen er det viktigaste vegsambandet.

Ut frå Haukelivegen går det vegar på kryss og tvers, vegar som har fått sine spesielle namn etter områda dei går igjenom.

Du har Telemarksvegen som går mellom sørlandsbyen Kristiansand og Morgedal i Telemark. Vegen er innfallsporten til Telemark for ferietrafikken på Hirtshals, Newcastle og Gøteborg. Setesdalsvegen går òg ut ifrå Kristiansand og opp til Haukeligrend.
Suleskardvegen er namnet på vegen mellom Sandnes, Hovden i Setesdal, og Dalen-Høydalsmo i Telemark. Her finn du og Myllargutvegen, som tek av frå Haukelivegen ved Nutheim og kjem innpå att i Haukeligrend, denne vegen er knytt opp mot meistarsapelemannen Myllargutens liv. Ryfylkevegen er ein veg som har fått karakteristikken ”vill og vakker”, ein opp-levingsveg som fører fram til mange attraksjonar. Folgefonntunellen gjer det lettare å koma frå Hardanger og over til Kvinherad og øyriket mellom Bergen og Haugesund. Mellom sørlandsbyen Kristiansand vestlandsbyen Haugesund, kjem du på ein spesiell opplevingsveg som ber namnet Nordsjøvegen. Og så ein ”veg” i dette mangfaldet av vegar, er Telemarkskanalen, ein vassveg med turistbåt mellom Skien og Dalen i Telemark. Så å seia frå fjord til fjell.

I magasinet Haukelivegen vil me ta deg med på ein tur langs Haukelivegen, der du kan oppleva kva denne landsdelen har å by på.