| Bykle |
|
||||||
Kommunen har 902 innbyggjarar og ein finn
det høgste punktet i Bykle på Sæbyggjenuten
på 1507 moh. Vassdraget Otra renn gjennom
kommunen, og i over 100 år har ein nytta
vasskrafta frå Otra og bielvar, og fleire
enorme magasin er bygd. I Bykle ligg Vatnedalsdammen
på 4,3 millionar kubikkmeter.Du kan køyre eller gå, heilt fram til toppen av dammen! Det har vore fast busetnad i Bykle i over 1500 år, og jakt og fiske var sentralt for å overleve. Heilt opp til 1950 var det vanleg at ein mann fanga 500 ryper på ein vinter ved hjelp av snarer. Hovden var eit sentrum for jernutvinning i vikingtida og tidleg middelalder. På Hovden Jernvinnemuseum fortel Vikingen deg korleis dette var! I heile kommunen er det for øvrig gratis inngang i alle musea: Lislestog, Bykle kyrkje og Hovden Jernvinnemuseum. Alt er ope frå kl 11-17 kvar dag, heile sommaren. Turismen på Hovden er godt over 100 år gamal og Hovdehytta som var den første turisthytta, blei åpna i 1911. Alpin- og turisteventyret starta med eit lite skitrekk på midten av 60-talet og i 1968 vart det bygd stolheis opp til toppen av Nos 1120 m.o.h. Fra vinteren 2008 utvidar Skisenteret med heilt nye heiser og trasèar i Breive. På 40 år har Hovden bygd seg opp og stadfestar posisjonen som det største og viktigaste fjellreisemålet, sør for Hardangervidda. I dag er det opp mot 20.000 menneske på Hovden i påska, noko som gjer Hovden til den 3. største byen på Agder i periodar. Fotturar, sykling, fiske, stolheis her hos oss kan du vere aktiv eller berre late deg. Fjellvatna held dessutan gode badetemperaturer, og vil du ha det enda varmare, anbefaler vi Hovden Badeland med 30 grader i både uteog innebasseng. Heile året! Hugs også golfkøllene golfbanen på Ørnefjell, 9 hol, er Noregs nest høgste bane og til no, den einaste med kunstige greenar. Kontaktar du Turistinformasjon/ HovdenFerie/Hovden Booking på tlf. 37 93 93 70 eller går inn på www.hovden.com Bykle kommune ynskjer deg god sommar! www.bykle.kommune.no Tlf. 37 93 85 00 |