| Kviteseid |
|
Kommune- og handelssenteret Kviteseidbyen
ligg vakkert til ved Telemarkskanalen
og midt mellom turistbygda Vrådal og den
moderne skisportens vogge, Morgedal.Kviteseidbyen er ein triveleg tettstad med preg av småby. I bryggeparken er det amfi for konsertar, teaterframsyningar m.m, og her er badebryggje og gjestebryggje. Kanalbåtane Victoria og Henrik Ibsen, som seglar på den vakre Telemarkskanalen, anløper Kviteseid bryggje to gonger om dagen i høgsesongen. Bronseskulpturen av Telemarkskyri i bryggjeparken er laga av Trygve Barstad og utflyttarmonumentet Bylgje, stein, søyle er laga av Gunnar Utsond. I Kviteseidbyen er det om lag 40 næringsverksemder fordelt på dei fleste bransjer. Kviteseid bygde-tun med 12 gamle bygningar og Kviteseid gamle kyrkje frå 1100-talet ligg like utafor Kviteseid sentrum. Utsondhalli på bygdetunet syner ei skulptursamling av bilethoggaren Gunnar Utsond (1864-1950). Morgedal - den moderne skisportens vogge og Sondre Norheims heimbygd - ligg sentralt ved E-134 i «hjarta av Telemark». I denne bygda vart OL-elden til vinterleikane i Oslo 1952, Squaw Valley i 1960 og Lillehammer 1994 tent. I Morgedal er det både hotell og campingplass. Opplevingssenteret Norsk Skieventyr kan by på ei reise gjennom skihistoria i bilete, film, lys og lyd. Her er Morgedal med vinterlandskap, Sondrestugo, ski og skimakarverkstad. Morgedølen Olav Bjåland var med på Roald Amundsens Sydpol ekspedisjon, og ein kan sjå sledar og anna utstyr frå polferda. Eit fint turmål i Morgedal er Øverbø, husmannsplassen der Sondre Norheim var fødd. Her står framleis huset på knappe 15 kvadratmeter der Sondre budde med familien. For meir informasjon om Kviteseid kommune, sjå : www.kviteseid.kommune.no Kviteseid Turistinformasjon - Tlf. 35 05 31 70 - www.kviteseidbyen.no Vrådal Turistinformasjon - Tlf. 35 05 63 70 - www.vraadal.com Morgedal Turistinformasjon - Tlf. 35 05 42 50 - www.morgedal.com |